addanomadd

Det Korrupte Biblioteket, Ingunn Egset

Det 

Korrupte Biblioteket

 

ved Ingunn Egset

Bøkeskogen stod tett, gamle mosegrodde greiner og nyfødde knoppar dela nyhende og nedarva kunnskap. Tidens sus hadde arbeidd hardt med å samle visdom frå alle verdshjørner, medan han samstundes passa nøye på at alle sider av alle saker var like tilgjengelige.

 

Ein dag kom ein mann med øks forbi. Han stoppa opp, plukka ut nokre sunne tre, svinga øksa, og hogg ned eit par av dei. Dagen etter kom han attende, men no var han ikkje åleine. Fleire tre vart felt medan mennene arbeida seg gjennom den tette skogen. Trestammene vart høgde opp til passe store plater der minner og forteljingar kunne skjerast inn. Snart hadde dei heile samlingar av treplater. Seinare vart papiret oppfunne, no vart det enklare å samle historier, først i rullar, så i bøker. 

 

Ja kva var vel meir naturleg enn å la bøketreet gi namn til dette nye objektet av samanbotne blad. Ordet « bok » kjem av det eldre nordiske ordet for treet bøk; bók. Bøkene kunne trykkjast opp i fleire eksemplar, og det vart enkelt å dele historier.

 

Skogen hadde no vorte gamal og uttynna. Kunnskapen den held hadde vorte spreidd vidt omkring, visdom hadde gått tapt, og vårt felles minne skranta.

Kunnskap var sletta,  gøymd vekk, forvrengt, eller også  framheva, om han på det viset kunne kome grådige menneske til gangs.

 

Over heile verda vart det no organisert samlingar av bøker.

Sjølv dei minste bygdene fekk sitt eige bibliotek, ja det vart til og med oppretta mobile bibliotek, bokbåtar som kryssa fjordane for å spre leseglede.



Her kunne ein fryde seg over alt frå gamle sagaer og religiøse tekstar, 

til bakeoppskrifter, bøker om lækjing av sjukdom, bygningsteknikk, prosa, poesi, drama, historie, psykologi, og filosofi. Forteljingar for underhaldning, og eventyr for trollbundne barn. 

 

Men når krigar braut ut, fekk vinnarane skrive historiebøkene. Gamle bøker vart bytte ut med nye, gamle bøker vart brende, nye bøker fortalde nye versjonar av gamle hendingar. Nye generasjonar fekk nye skulebøker, nye studentar las reviderte utgåver. Utanfor universiteta fekk tidens sus, med all sin kunnskap, ule så høgt han kunne, det var ingen som høyrde han gjennom dei tjukke vindauga.

 

Slik kom det til at medan det menneskelege samfunnet vart større, minka skogen, heilt til den opphavlege visdomen hadde krympa til kun eit vagt minne. I staden vaks ein ny skog fram. Høge tårn av stein, glas, og betong. Bøker var erstatta med skinande skjermar, kunnskap vart oppbevart i databankar, tapt mellom filmar, spel, og reklame. Med desse nye verktøya ved fingerspissen, tok ikkje mange lenger turen til biblioteket. Distraherte, la dei heller ikkje merke til at menneske med makt tok nytte av situasjonen for å tileigne seg endå meir makt. Desse kvesste blyantene sine slik at ord vart våpen. Journalistar soldatar. Og aviser panservogner.

 

Desorienterte, fann menneska seg no fortapte i ein ny skog, ein skog av tjukke, svarte overskrifter, valdelege historier, seksuelt innhald, og grovt ordbruk. Villeia stod dei midt i ein endelaus krig som este ut av telefonar, aviser, fjernsyns -og dataskjermar. Denne nye skogen var så full av trådar å snuble i, at dei ikkje eingong la merke til kva dei vart utsette for.

 

Journalistar lyg kanskje ikkje for å lyge, men vil gjerne være meir trufaste til

arbeidsgjevaren enn til historia. Salget må vekse,  skandalar må florere.

Ein liten vri her, nokre oversedde detaljar der, og historia er klar for publisering.

 

Menneska var forvirra. Så mykje informasjon, men kun maktesløyse å sjå! 

Tidens sus hadde mista krafta si, den kunne ikkje blåse igjennom stein, stål, og glas. Kvar side av kvar historie var ikkje lenger tilgjengeleg.  Halvparten av menneska fekk sjå ei side, den andre halvparten den andre sida. Og seg imellom krangla dei. Heilt til krangelen stilna, den machiavelliske elva som heiter Algoritme hadde vorte for vid, og straumen for sterk. Om enn så høgt dei ropa, så høyrdes det ikkje på den andre sida.

 

Men menneska med makt,  dei let seg ikkje stoppe. Dei arbeidde i det stille, raskt og effektivt. Dei tok eigarskap i alt som var, varemerka månen og sola, regnbogen og skyene, fjell og hav, og alt levande, og låste alt saman inne i deira selebrerte, digitale bibliotek.

 

Kun Tidens sus var framleis fri, einsam og fortapt bles han rundt i dette vakuumet av ignoranse som hadde vorte. Av og til fall det ei tåre når han tenkte på bøkeskogen, boksamlingane, og dei leseglade barna. Og på korleis han så varsomt hadde passa på å gjere alle sider av all kunnskap tilgjengeleg.

 

                                                                  ***

 

Dag og natt susar han framleis rundt og samlar kunnskap, i håp om at visdom igjen vil spire og vekse fram til kloke tre, med røter og greiner strekte ut til å nå alle folkeslag.

 

For då, kanskje då,  når menneska huksar kven dei er, og kvar dei kom frå,  

vil dei være klare til å la ein ny æra av fridom og fred få slå rot og blomstre.

 

 

Det lokale biblioteket opna vindauget mot verda for den unge Ingunn Egset, som ellers levde i si eiga oppdikta verd. Med ein tipp tippoldeonkel ved namn Ivar Aasen, nynorskens far, var dei norske røtene sterke, Likevel, utstyrt med fleire diplomar i lomma, tok Paris prisen, og vart hennar nye heim og leikeplass.